Episodes

3 days ago
Turne Ganddal
3 days ago
3 days ago
Ganddal var ein gong ei bygd, no er det ein av dei største bydelane i Sandnes. Men me finn raskt ut at det usynlege skiljet mellom bydelen og andre delar framleis finst. Kva med dugnadsånda?

Thursday Jan 19, 2023
Turne Klebe
Thursday Jan 19, 2023
Thursday Jan 19, 2023
Klebe, forkortning av Kleppe Bedehus, stod i fare for å måtte legge ned føre sesongen som var. Hermann Kverme tok tak, og ser litt lysare på framtida.

Thursday Jan 12, 2023
Turne Kåsen
Thursday Jan 12, 2023
Thursday Jan 12, 2023
Kåsen ligg i grenseland mellom Klepp og Time. Det er noko litt ubestemmeleg over staden. Difor måtte me hanka inn to erfarne dommarar til å fortelje om denne klubben.

Thursday Jan 05, 2023
Turne Nærbø
Thursday Jan 05, 2023
Thursday Jan 05, 2023
I Nærbø IL driv dei med topp og bredde. Me traff toppen frå handballavdelinga som har klart å sette bygda kjend for Jarslbergosten til noko ein snakkar om i idretts-Noreg.

Wednesday Jan 04, 2023
Tord om Tour de france 2023
Wednesday Jan 04, 2023
Wednesday Jan 04, 2023
EKSTRA!
Uno-X Pro cykling team med Alexsander Kristoff i spissen er kvalifisert til årets Tour De France! Vi tok en prat med Tord Gudmestad rett etter at nyheten kom!

Saturday Dec 31, 2022
Elisabeth Terland Nyttår 2022!
Saturday Dec 31, 2022
Saturday Dec 31, 2022
Elisabeth Terland hadde vunnet alt i Norge med klubber som Klepp, Sandviken og sist Brann. For å utvikle seg enda mer som fotballspiller valgte ho å signere for Brighton & Hove Albion i sommer. Vi fikk en eksklusiv prat med henne og det ble en særdeles kjekk time! Brynepoddene ønsker alle et godt nyttår !

Thursday Dec 29, 2022
Turne Varhaug
Thursday Dec 29, 2022
Thursday Dec 29, 2022
På Varhaug har dei alt på stell, òg solceller på taket. Då me var innom kniva a-laget om opprykk, som glapp til slutt. Men dei gjer gass der ute.

Saturday Dec 24, 2022
Julespesial 2022
Saturday Dec 24, 2022
Saturday Dec 24, 2022
Brødrene Risa er oppvokst med lidenskap for fotball. Den ene er serie og cupmester med Molde FK. Den andre er en lokalfotball legende i Rogalandsfotballen. Birk og Preben Risa får du i denne julespesialen! God Jul fra oss i Brynepoddene.

Thursday Dec 22, 2022
Turne Vigrestad
Thursday Dec 22, 2022
Thursday Dec 22, 2022
På Vigrestad går maskinane og anlegget er ein fryd. Denne gongen møtte me to som litt forfriskande kjem får andre stadar enn fotballgruppa.

Thursday Dec 15, 2022
Turne Brusand
Thursday Dec 15, 2022
Thursday Dec 15, 2022
Odd Egil Stokkeland er dagleg leiar i Brusand IL. Samstundes lakkar han golvet i hallen kvart år, og då me kom innom hadde han steikt over 400 fiskekaker frå eigensløya fisk. Dei gjer ting annleis der sør.

Thursday Dec 08, 2022
Turne Hellvik
Thursday Dec 08, 2022
Thursday Dec 08, 2022
Kenneth Pedersen har i ein mannsalder vore ein sentral person i Hellvik IL. I år takka han for seg som trenar for a-laget, men fortel om utfordringane i ein klubb som ligg i grenseland mellom Jæren og Dalane.

Thursday Dec 01, 2022
Turne Egersunds IK
Thursday Dec 01, 2022
Thursday Dec 01, 2022
Egersunds IK har dei siste åra vore eit stabilt innslag på nivå tri. Men kva gjer det med det friviljuge arbeidet? Me fekk med oss Espen Andersen, som òg tenker litt høgt om framtida.

Thursday Nov 24, 2022
Turne Åna-Sira
Thursday Nov 24, 2022
Thursday Nov 24, 2022
Det ligg ein flott grasbane i Åna-Sira, men graset er litt lagt. Stadionuret har stoppa på 15 minutt. Det er ti år sidan dei hadde eit a-lag her. Jan Petter Kvelland fortel om kva som skjedde med denne bygda som ligger delt mellom Agder og Rogaland. Då barnehagen forsvann, mista mange i idrettslaget håpet. Jan Petter Kvelland fortel oss meir.

Thursday Nov 17, 2022
Turne Hidra
Thursday Nov 17, 2022
Thursday Nov 17, 2022
Hidra som er mest kjent for maleren på Hidra. Hidra har og et idrettslag som er i full sving. For de som har spilt på Myran Stadion, vet at ett lokalderby i Tyrkia er som en søndagskule i forhold. På Hidra er de patrioter og vi har fått Svein Rune Larsen og Tor Einar Larssen som nå spiller på a laget med oss.

Thursday Nov 10, 2022
Turne Flekkefjord
Thursday Nov 10, 2022
Thursday Nov 10, 2022
Ein gong var Flekkefjord ein frykta motstandar òg for mange lag frå Rogaland. Sidan den gong har mykje endra seg. Men korleis er stoda i klubben i dag og kva tenker dei om framtida? Nåværande leiar Sigurd Åtland og tidligare leiar Terje Johnsen får du i denne Brynepoddene.

Thursday Nov 03, 2022
Turne Johan Aakre
Thursday Nov 03, 2022
Thursday Nov 03, 2022
Frivillighet kan vere så mangt. Me tok ein prat før turneen med Johan Aakre frå Egersund om utfordringar som den modernefrivillige møter i kvardagen. Og utanfor sporten.

Monday Oct 31, 2022
Brynepoddene EP132
Monday Oct 31, 2022
Monday Oct 31, 2022
Før me startar vår serie om frivillige på torsdag, tar me ei sesongoppsummering. Denne gong med tri karar som har gått igjen i våre sendingar: Magnus Erga, Tord Gudmestad og Jan Halvor Halvorsen. Serien vår om frivillige og breddeklubbane langs "Riksveg 44" vil rulle og gå kvar torsdag fram til andre veka i mars 2023.

Thursday Oct 27, 2022
Brynepoddene EP131
Thursday Oct 27, 2022
Thursday Oct 27, 2022
Sesongen 2022 går mot slutten. Før lokalderbyet Bryne - Sandnes Ulf på laurdag, fekk me Bjarne Berntsen og Kevin Knappen i studio. Bjarne Berntsen slipper samtidig nyheten om at neste sesong definitvt blir hans avskjed med toppfotballen.

Thursday Oct 20, 2022
Brynepoddene EP130
Thursday Oct 20, 2022
Thursday Oct 20, 2022
2. divisjon nærmar seg slutten. Me snakka med dei tre rogalandstrenarane: Ojan Bijan i EIK er tåleg nøgd med året. Vegard Oftedal i Staal såg laget rykke ned, mens Kolbjørn Fosen i Vard bit negler føre helgas avgjerande runde.

Thursday Oct 13, 2022
Brynepoddene EP129
Thursday Oct 13, 2022
Thursday Oct 13, 2022
Eirik Mæland gjekk frå spelargarderoben til trenarrolla i Kongsvinger omtrent på dagen. Laget hadde då rykka ned på nivå 3 og var i ein slags krise. Dei kom rett opp igjen, og per no er ein kvallikplass innanfor rekkevidde. Likevel har Mæland sagt at han gjer seg etter sesongen. Portrett av ein ung trenar.

Thursday Oct 06, 2022
Brynepoddene EP128
Thursday Oct 06, 2022
Thursday Oct 06, 2022
Etter ein hard sesong på nivå to, ser Klepp ut til å sikre plassen for neste år. Laget har i år spelt med eit lag der snittalderen har vore nede i 19.5 år, men kva med vegen vidare. Owe Salvesen og Thomas Langholm Engen svarar i studio.

Thursday Sep 29, 2022
Brynepoddene EP127
Thursday Sep 29, 2022
Thursday Sep 29, 2022
Torger Mogan Bjørnstad har lang fartstid i Skeid. Samstundes har han òg skrive bøker om idrettar som mest er gløymde, som bandy og landhockey. Han har òg ein del å seie om anleggssituasjonen i hovedstaden. Føre Bryne - Skeid, no til helga, tok me ein prat med han, men sidan sonen Mikkel står på sidelinja til Bryne, var han ikkje heilt klar på kor sympatien ligger ved avspark.

Thursday Sep 22, 2022
Brynepoddene EP 126
Thursday Sep 22, 2022
Thursday Sep 22, 2022
I morgon står Tord Gudmestad på startstreken i U23 VM i Wollongong, Australia. Det er ei løype som er heilt på grensa for hans del og han må hente ut maks om det skal gå vegen. Før han sette kursen sørover til New South Wales var Tord innom studio og snakka om årets høgdepunkt. Den siste timen av løpet er venta mellom 0800-0900 norsk tid.

Thursday Sep 15, 2022
Brynepoddene Ep125
Thursday Sep 15, 2022
Thursday Sep 15, 2022
Arve Hjelseth er mannen ein går til når ein skal snakka om fankultur. Me tok ein runde om korleis fanskaren har utvikla seg. Og med byrja då fotball vart kult på 90-talet, og trekk linjene fram til twitterfansen av 2022. Men kanskje var covids tomme stadionar eit frampeik om kva som er i vente.

Thursday Sep 08, 2022
Brynepoddene EP124
Thursday Sep 08, 2022
Thursday Sep 08, 2022
Kåre Ingebrigtsen har ein ting og to å sei om manglande fotballkunnskap i media. Samstundes er me innom det meste frå Lerkendal, Maine Road, Stavanger og Bergen. Kort sagt: Kåre I er ein fri mann som seier kva han meiner.

Thursday Sep 01, 2022
Brynepoddene EP123
Thursday Sep 01, 2022
Thursday Sep 01, 2022
Kva skjer med Oslo-fotballen? Me trekker dei lange linjer saman med historikar Finn Olstad.

Thursday Aug 25, 2022
Brynepoddene EP122
Thursday Aug 25, 2022
Thursday Aug 25, 2022
Terje Skjeldestad vokta buret i Sogndal i ein mannsalder. Etter den tid har han hatt ulike roller i klubben, kor han i dag er er sportssjef. Samstundes har han vore ei viktig brikke på U21 landslaget som i år kvalifiserte seg for EM i 2023. Det er berre to norske lag før dei som har klart den bragden. Skjeldestad ser difor norsk fotball både frå utkanten og sentralt. Korleis er stoda?

Thursday Aug 18, 2022
Brynepoddene EP121
Thursday Aug 18, 2022
Thursday Aug 18, 2022
Christian Gauseth var kort tid i Bryne, men fekk fort sving på karrieren etter at han drog frå Jæren. No er han i media, og melder klårt. Det gjorde han til oss òg.

Thursday Aug 11, 2022
Brynepoddene EP120
Thursday Aug 11, 2022
Thursday Aug 11, 2022
Mikkel Bjørnstad med status føre Grorud-kampen. Og me er attende på landevegen med Tord Gudmestad i Tour de Tord.

Tuesday Aug 09, 2022
Brynepoddene Ekstra Axel Kryger
Tuesday Aug 09, 2022
Tuesday Aug 09, 2022
Bryne har signert Axel Kryger fra Sogndal. Hva fikk han til å velge nettopp Bryne?

Thursday Aug 04, 2022
Brynepoddene EP119
Thursday Aug 04, 2022
Thursday Aug 04, 2022
Paul Richardsen var ikkje redd for å trø til i taklingane som midtstoppar for Start. No er han med og støtter fotball og idrett i Sparebanken Sør. Og kva tykkjer han om gamleklubben no? Hans Øyvind Sagen har no blitt varm i stolen som dagleg leiar i Bryne FK. Me høyrer litt om status, og kva som er på trappene i klubben.

Thursday Jul 28, 2022
Brynepoddene Ep118
Thursday Jul 28, 2022
Thursday Jul 28, 2022
Christian Kalvenes er motsetninga av den gamle proffen som vart dagleg leiar i ein klubb. Til @skbrann kom han med ein MBA i bagen og erfaring frå næringslivet. Etter nokre månadar i jobben, tok han tid til ein lengre prat med oss som stoda i @obosligaens suverne klubb.

BRYNEPODDENE
Er ein uavhengig podcast med studio på Bryne. Podcasten blir laga av Øystein Nygård, og har vore i drift sidan april 2020. Podcasten er kvar torsdag morgon, og me er røysta frå distrikta som jobbar under mottoet: Lyden av sport -litt djupare.
Tanken bak podcasten er å vere ein motstemme til den overfladiske og klikkorienterte sportsjournalistikken. Hos oss skal gjestene få snakka ut og fullføra tankerekkene.
Gjennom sesongen vert det òg reportasjar og reaksjonar frå kampar. Me tenker vidt og kombinerer det lokale med det nasjonale, og i nokre høve internasjonale.
Følg oss i sosiale media på Facebook; Instagram, Youtube, Linkedin og Twitter.
Likar du det du høyrer? Gje oss ei hand på Vipps 610828, eller kontakt oss for reklamepakke på:
brynepaadene@gmail.com

Tord on tour 2023 !
Tord Gudmestad har nå vært 1 år i proffsyklistanes verden for UNO-X laget. Han står nå føre ein sesong som kan ta han både til kjende sykkelklassikarar og World Tour-ritt. Korleis vert ferda frå Nærbø og ut i verda? Me i Brynepoddene følger det unge talentet gjennom sesongen 2023. Følg "Tord on tour" ekslusivt på Brynepoddene.
Foto: Wordupprojects